Vinje kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Adm.senter | Åmot | ||
Areal | 3 106 km² | ||
• land | 2 740 km² | ||
• vatn | 366 km² | ||
Folketal | 3 851 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Jon Rikard Kleven (Sp) | ||
Kommunenr. | 4036 | ||
Vinje kommune 59°48′05″N 7°46′45″E / 59.801389°N 7.779167°E | |||
Kart som viser Vinje kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Vinje | |||
Nettstad: www.vinje.kommune.no |
Vinje kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen ligg lengst nordvest i fylket og grensar i sør til Tokke, i aust til Tinn og Seljord, i nord til Nore og Uvdal i Buskerud og i vest til Bykle i Agder, Suldal i Rogaland og Odda, Eidfjord og Ullensvang i Vestland. Han er den einaste kommunen i Noreg som grensar til fire fylke. Kommunen har sine nåverande grenser frå 1964, då dei tidlegare kommunane Rauland og Vinje vart slegne saman.
Vinje er etter Rendalen den største kommunen i Sør-Noreg i høve flatevidd og han er til dømes større enn Vestfold fylke. Administrasjonssenteret i kommunen er Åmot. Lokalavisa er Vest-Telemark Blad, som kjem ut tre gonger i veka.