Dei 2. olympiske vinterleikane | |
---|---|
Vertsby | St. Moritz, Sveits |
Deltakande nasjonar | 25 |
Deltakarar | 464 |
Øvingar | 14 i 6 idrettsgreiner |
Opna | 11. februar 1928 |
Avslutta | 19. februar 1928 |
Vinter-OL 1928 vart arrangert i St. Moritz i Sveits. Dette var dei fyrste verkelege vinterleikane, i og med at dei vart arrangert separat, og ikkje i tilknyting til sommarleikane. Leikane i Chamonix i 1924 vart fyrst i ettertid gjeve status som Vinter-OL. Desse vinterleikane erstatta òg dei nordiske vinterleikane, som hadde vorte avhalde kvart fjerde år sidan tidleg på 1900-talet.
Noreg vart beste nasjon, og tok seks gullmedaljar:
Norsk flaggberar under opningsseremonien var Ole Reistad, som deltok i militært patruljeløp.