Vinter-OL 2006

Vinter-OL 2006

Vertsby Torino i Italia
Nasjonar 85
Idrettsgreiner 15
Opna 10. februar 2006, av Carlo Azeglio Ciampi
Avslutta 26. februar 2006
Utøvarar
Menn 1 389
Kvinner 787
Totalt 2 176
Dei olympiske vinterleikane

Dei 20. olympiske vinterleikane vart haldne i 2006 i Torino i Italia. Det var andre gong Italia arrangerer vinter-OL, første gong var i Cortina d'Ampezzo i 1956. Det vart tredje OL i Italia til saman, ettersom sommar-OL 1960 gjekk i Roma.

20 000 frivillige var involvert i leikane, dei tok imot utøvarane, tilskodarane og journalistane, og gjorde i stand arenaene til tevlingane.

Tevlingane vart arrangert i sju ulike byar: Torino, Bardonecchia, Cesana Torinese, Pinerolo, Pragelato, Sauze d'Oulx og Sestriere.

Maskotane var Neve og Gliz. Neve (it. 'snø') er ein kvinneleg snøball, og Gliz er ein energisk mannleg isbit.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Pål Trulsen, som deltok i curling.

Den olympiske elden i Torino.

Vinter-OL 2006

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne