Vladivostok

Vladivostok
Владивосток
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Primorskij kraj
Høgd 40 m
Areal 331,16 km²
Folketal 591 628 (1. januar 2024)[1]
Grunnlagd 2. juli 1860
 •  Bystatus 22. april 1880
Postnummer 690xxx
Retningsnummer +7 4232
Kart
Vladivostok
43°06′54″N 131°53′07″E / 43.115°N 131.8853°E / 43.115; 131.8853
Wikimedia Commons: Vladivostok
Vladivostok og Det gylne horn-bukta.

Vladivostok (russisk Владивосто́к) er administrativt senter i Primorskij kraj i Russland. Byen ligg ved Japanhavet lengst søraust i Russland, rundt 6500 km aust for Moskva og berre 100 km frå grensa til Kina.

Han har om lag 580 800 innbyggjarar.[2] Innbyggjartalet har vore fallande heilt sidan Sovjetunionen vart oppløyst. Byen er òg senter for ein byregion (Stor-Vladivostok) med 1 010 000 innbyggjarar (est. 2005).

Vladivostok er den største hamnebyen i landet ved Stillehavet og den russiske Stillehavsflåten har hovudbasen sin her. Jernbanestasjonen i byen er endestasjon for den transsibirske jernbanen. Namnet kan omsetjast med 'herskar av Austen'.[3]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2024 года». 
  2. Publikasjonen Innbyggjartal for administrative einingar i Russland 1. januar 2007 (av ROSSTAT)
  3. Erika Fatland: Grensen - En reise rundt Russland gjennom Nord-Korea, Kina, Mongolia, Kashakstan, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Hviterussland, Litauen, Polen, Latvia, Estland, Finland og Norge, samt Nordøstpassasjen side 123

Vladivostok

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne