Winchester | ||
---|---|---|
Sentrum | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Hampshire | |
Distrikt | Winchester | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
41 420 | |
Koordinatar | 51°4′N 1°19′W / 51.067°N 1.317°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SO22, SO23 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1962 | |
Winchester er administrasjonsbyen i grevskapet Hampshire i England. Folketalet er omkring 35 000 (2004). Byen er òg administrasjonssenter for City of Winchester, eit distrikt som dekkjer byen med områda rundt. Winchester ligg ved elva Itchen, 2 mil nordaust for Southampton.
Winchester var hovudstad i kongedømet Wessex, og er gjerne også rekna som tidlegare hovudstad for England. Fleire viktige historiske bygg er bevart i byen, som Winchesterkatedralen frå 1100-talet, Winchester College grunnlagt i 1382 og Storhallen, den einaste bevarte delen av det kongelege slottet. Storhallen vart gjenoppbygd til si noverande form mellom 1222 og 1235. Han er kjent som staden der det runde bordet til kong Arthur skal vera; sidan 1463 har eit stort rundt bord hengt på veggen og blitt ein stor turistattraksjon.