«Yellow Submarine» Singel av The Beatles frå albumet Revolver | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. august 1966 | |
Innspelt | Abbey Road 26. mai og 1. juni 1966 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:38 | |
Selskap | Parlophone (UK) Capitol (USA) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«Paperback Writer» (1965) |
«Yellow Submarine» | «Strawberry Fields Forever» / «Penny Lane» (1966)
|
«Yellow Submarine» er ein song frå 1966 av The Beatles, tilskriven Lennon/McCartney, men skriven av Paul McCartney. Songen vart gjeve ut på albumet Revolver og vart tittelsongen til filmen med same namn i 1968. Yellow Submarine er òg namnet på filmmusikken frå filmen, som er ein del av musikkatalogen til The Beatles.
Songen vart betre motteken i Storbritannia og Europa enn i USA. Singelen gjekk til topps både i heimlandet og i Noreg (11 veker, sju veker på førsteplassen av VG-lista) og vann ein Ivor Novello Award for høgaste salstal for singlar i Storbritannia for 1966.