Zadar | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Zadar | ||
Høgd | 0 m | ||
Areal | 192,4 km² | ||
Folketal | 70 779 (31. august 2021) | ||
![]() Zadar 44°07′01″N 15°14′08″E / 44.117°N 15.2355°E | |||
Wikimedia Commons: Zadar |
Zadar (italiensk Zara, latin Iader eller Iadera) er ein by i Kroatia ved Adriahavet. Han har eit folketal på like over 70 000 innbyggjarar. Omtrent 93 % av innbyggjarane er etniske kroatar.
Byen er det administrative senteret i Zadar fylke, og den viktigaste byen i den nordlege delen av Dalmatia. Mellom Zadar og øyane Ugljan og Pašman ligg Zadarsundet.
Høgda som den gamle byen ligg på var tidlegare åtskild frå fastlandet av ei djup vollgrav, som seinare har vorte ein fyllplass. Hamna, nordaust for byen, er trygg og vid.
Zadar er sete for både ein katolsk og ortodoks biskop.