Kvernaland | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Klepp | ||
Areal | 4,54 km² | ||
Folketal | 7 824 (2023) | ||
Folketettleik | 1 723 / km² | ||
Postnummer | 4355 KVERNALAND 4353 KLEPP STASJON | ||
Ferdselsårer | 505 Jærbanen | ||
Kvernaland 58°46′16″N 5°43′27″E / 58.771111°N 5.724167°E |
Kvernaland er ein tettstad i grenseområdet mellom Time og Klepp kommune i Rogaland fylke. Tettstaden ligg ved nordenden av Frøylandsvatnet. Riksvei 505 går langs Frøylandvatnet gjennom heile Kvernaland. Dessutan har Jærbanen eit stopp på Øksnevadporten. Staden har 7 824 innbyggjarar per 1. januar 2023. Av desse er 3500 i Klepp (2008). Tettstaden er kjend for føretaket Kverneland Group, som produserer ymse reiskap for landbruket. Kverneland er ei tidlegare staving av stadnamnet.