Lansforditt er eit vasshaldig magnesiumkarbonat-mineral med formeleng MgCO3·5H2O. Det har namn etter Lansford i Pennsylvania i USA, der det blei oppdaga i ei kolgruve i 1888. Lansforditt er eit mjukt mineral med Mohs-hardleik på 2,5. Det kan lett mista vassinnhald og gå over til nesquehonitt.
Ein har funne lansforditt i små mengder i ein serpentinitt frå Feragen ved Røros.[1]