Mellomalderfestival eller mellomaldermarknad er ei tilstelling inspirert av mellomalderen og perioden rundt han. Ei slik tilstelling kan ha form som ein utandørs marknad med buer som sel varer og mat, gjøglarar, musikk, kampar eller riddarturneringar og andre historiske kostyme og framsyningar. Ein har gjerne slike tilstelllingai sommarhalvåret på torg i byar eller passande marker. Dei varer typisk ei helg, men det finst òg marknadar som varer i berre ein dag og andre som kan vara ei heil veke.
Mellomaldermarknader omfattar normalt eit stort tal personar i drakter som kan vera laga etter mellomaldermønster eller med inspirasjon frå dei. Andre går i klede utan historisk tilknyting, men som er inspirerte av film om perioden. Reenacterar kan utøva handverk, teater, spela musikk, gjøgla og visa fram våpen eller kampar. Nokre marknader har telt der dei medverkande kan overnatta.[1]
Nokre marknader blir haldne på historiske stader, som borger og torg i mellomalderbyar.