Saja | |||
elv | |||
Pozo del Amo-reservatet
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 442 km² | ||
Renn gjennom | Torrelavega | ||
Lengd | 67 km | ||
Middelvassføring | 12,1 m³/s | ||
Kjelde | Sierra del Cordel | ||
Munning | Biscayabukta | ||
![]() Saja 43°26′06″N 4°02′06″W / 43.435°N 4.035°W | |||
Wikimedia Commons: Saja River |
Saja er ei elv nord i Spania som renn gjennom den autonome regionen Cantabria og ut i Biscayabukta. Delar av elva renn gjennom Saja-Besaya naturpark.
Kjelda til Saja ligg 1700 meter over havet og ho renn raskt gjennom ein bratt V-dal dei første kilometrane. Etter landsbyen Fresneda vert dalen vidare og elva dannar ei elveslette.
Sidan delar av elva er verna har ho god vasskvalitet frå kjelda til Santa Lucía-brua. Frå her er vernet dårlegare og vasskvaliteten vert gradvis dårlegare. Nedanfor Besaya er ho mykje forureina.[1].