Selfors

Selfors er ein tettbygd stad i Rana kommune i Nordland på nordsida av Ranelva, og blir rekna som forstad til Mo i Rana. På Selfors ligg Helgelandssykehuset avdeling Rana. Staden har skule og fleire butikkar. Den katolske kyrkja har bygd ei kyrkje på Selfors som dei leiger ut til Rana kyrkjeleg fellesråd.

Namnet Selfors tyder 'den rolege fossen'. Når floa er stor, er fossen mest som ein straum.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Selfors

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne