Stishovitt

Stishovitt
Generelt
KategoriMineral
Kjemisk formelSiO2
Strunz-klassifisering04.DA.40
KrystallsymmetriTetragonal ditetragonal dipyramidal
H-M-symbol: (42/m 21/n 21/m)
Romgruppe: P 42/mnm (No. 136)
Einingscellea = 4.1772(7) Å, c = 2.6651(4) Å; Z=2
Identifikasjon
Fargefargelaus (rein)
KrystallsystemTetragonal
Mohs hardleiksskala9-9.5[1]
Glansglasaktig
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt4.287
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (+)
Brytingsindeksnω = 1.799–1.800 nε = 1.826–1.845
Dobbeltbrytingδ = 0.027
Smeltepunkt(bryt ned)
Kjelder[2][3][4]

Stishovitt er eit mineral som består av silisiumdioksid, SiO2, og som berre er stabilt ved særs høge trykk. Det vart skildra 1962, er tetragonalt og har same struktur som rutil (TiO2), med silisium i 6-koordinasjon. Tettleiken er relativt høg, 4,35 g/cm3. I dei andre polymorfe formene av SiO2er silisium i 4-koordinasjon, og dei har lågare tettleikar. Stishovitt er funne i meteorittkrater og er danna ved trykk på over 100 000 atm. Det opptrer saman med coesitt, ein annan modifikasjon av SiO2, som oppstår ved trykk på over ca. 30 000 atm.

Stishovitt vart kalla opp etter Sergej M. Stisjov, ein russisk fysikar som først laga mineralet syntetisk i 1961. Det vart oppdaga i eit meteorittkrater i 1962 av Edward C. T. Chao.[5]

  1. Luo, Sheng-Nian; Swadener, J.G.; Ma, Chi; Tschauner, Oliver (2007). «Examining krystalllographic orientation dependence of hardness of silica stishovite» (PDF). Physica B: Condensed Matter 399 (2): 138. Bibcode:2007PhyB..399..138L. doi:10.1016/j.physb.2007.06.011. [daud lenkje] and references therein
  2. Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C., red. (1995). «Stishovite». Handbook of Mineralogi (PDF). II (Silica, Silicates). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209716. Henta December 5, 2011. 
  3. Stishovite. Mindat.org
  4. Stishovite. Webmineral.com
  5. Fleischer, Michael (1962). «New mineral names» (PDF). American Mineralogist (Mineralogical Society of America) 47 (2): 172–174. 

Stishovitt

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne