![]() Innkøyringa til Ulrikstunnelen frå Arna stasjon. | |
Lengd | 7 670 meter[1] |
---|---|
Opna | 1. august 1964[1] |
![]() Ulrikstunnelen 60°23′49″N 5°24′43″E / 60.397°N 5.412°E |
Ulrikstunnelen er ein 7670 meter lang einspora tunnel på jarnbanen Bergensbanen under den nordlege delen av fjellet Ulriken, på strekninga mellom Bergen og Arna stasjonar i Bergen kommune, opna i 1964. Ulrikstunnelen er ein av dei lengste jarnbanetunnelane i Noreg.
Før tunnelen stod ferdig i 1964, gjekk banen på strekninga mellom Bergen og Arna stasjonar ein mykje lengre veg om Nesttun. Denne lina fekk status som sidebane, men er på ei strekning teke vare på med køyrbar skjenegang, men utan køyreleidninga for elektrisk drift. Det vart kjøyrd ein del gods til Nesttun og Helldal via Nesttun fram til arbeidet byrja på nye vegen mellom Fjøsanger og Hop. Her ligg lina i dag att til Mindemyren (2014) og vert nytta til godstransport. Lina mellom Tunestveit og Middtun er teke vare på som han låg. Det gjekk ein del gods til Seimsmark i Indre Arna fram til utpå 1990-talet. Denne delen av lina vert no nytta som museumsjarnbane for damptog i sumarsesongen, og da kjøyrast arbeidstog på lina heile året.