Yamatobreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 71°25′S 35°35′E / 71.417°S 35.583°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Yamatobreen 71°25′00″S 35°35′00″E / 71.416666666667°S 35.583333333333°E | |||
Yamatobreen er ein isbre som er kring 10 km brei, og som flyt vestover mellom Mount Fukushima og Mont Eyskens i Dronning Fabiolafjella i Antarktis.
Breen vart oppdaga av Belgica-ekspedisjonen under Guido Derom, 7. oktober 1960, og kalla opp etter det gamle namnet på Japan. Yamato er symbolet for politisk samhald og nasjonalkjensle for japanarar. I november-desember 1960 nådde eit japansk feltlag fram til området og gjorde geodetisk og anna vitskapleg arbeid der.