Yesshows Konsertalbum av Yes | ||
Utgjeve | 24. november 1980 | |
Innspelt | 1976–1978 forskjellige stader i USA og Europa | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 78:54 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | Chris Squire | |
Yes-kronologi | ||
---|---|---|
Drama (1980) |
Yesshows | Classic Yes (1981)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Yesshows er det andre konsertalbumet frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i desember 1980. Albumet vart utgjeve kort tid etter utgjevinga av studioalbumet Drama, og består av innspelingar frå fire ulike konsertar i perioden 1976–1978. Utgjevinga vart overvaka og godkjent av bassist Chris Squire.
I likskap med det førre konsertalbumet til bandet, Yessongs, byrjar dette albumet med overturen frå Igor Stravinskijs «Eldfugl-suite». Låten «Ritual (Nous Sommes Du Soleil)» vart på den originale dobbelt-LP'ein delt i to, og på CD-versjonen har del ein og del to av «Ritual» framleis sitt eige spornummer.
Albumet kom på 43. plass på Billboard 200 i USA, 22. plass på UK Albums Chart i Storbritannia[2], og på 32. plass på VG-lista topp 40 i Noreg[3]