Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Altaelva

Denne artikkelen handlar om elva i Noreg. For elva i Ukraina, sjå Altaelva i Ukraina.
Altaelva
elv
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommunar Alta, Kautokeino
Nedslagsfelt 8 963 km²
Renn gjennom Kautokeino, Alta
Lengd 242 km
Middelvassføring 101 /s
Kjelde Bajit Vuohcetjavri
 •  høgd 440 moh.
Munning Altafjorden
 •  høgd moh.
Kart
Altaelva
69°54′03″N 23°17′02″E / 69.900944444444°N 23.284°E / 69.900944444444; 23.284
Wikimedia Commons: Altaelva
Ein av dei karakteristiske elvebåtane nytta på Altaelva, fotografert i 1905

Altaelva er ei omtrent 200 kilometer lang elv som renn gjennom kommunane Kautokeino og Alta i Finnmark fylke før ho munnar ut i Altafjorden. Elva er den nedre delen av Alta- Kautokeinovassdraget. Vassdraget startar ved grensa mot Finland og Sverige. Altaelva er ei av dei beste lakseelvane i Noreg.

Elva vart regulert for nytting i vasskraftverket Alta kraftverk i 1981 etter ein lang strid. Folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget stod i spissen for kampen mot utbygging.

Øvste delen, som renn gjennom Kautokeino kommune, heiter Kautokeinoelva. Etter utbygginga av elva er demninga vorten skiljet mellom Altaelva og Kautokenoelva. Herifrå renn ho gjennom Alta kommune og Nord-Europas største elvegjel, og vidare gjennom Altadalen med sitt særeigne kulturlandskap på vegen mot Altafjorden.


Previous Page Next Page






نهر التايلڤا ARZ Алтаелва Bulgarian Riu d'Alta Catalan Altaelva CEB Altaelva Czech Алтаэльв CV Altaelven Danish Altaelva German Altaelva English Altaelv EO

Responsive image

Responsive image