Hypernovaer er supertunge stjerner som kollapsar i sluttfasen av livet deira og sender ut enorme energimengder i prosessen.[2] Ein reknar med at hypernovaer er årsak til gammaglimt og at dei let svarte hòl att etter seg.[2] Hypernovaer er kraftigare enn supernovaer som òg kan skyldast gravitasjonskollaps; utanom Big Bang reknar ein hypernovaer som dei mest valdsame hendingane i universet.[2]