Rakia, rakija eller raki er ein alkoholhaldig drikk som liknar brandy og blir framstilt gjennom destillasjon av gjæra frukter. Drikken er populær i Balkan, Tyrkia, tyskspråklege land, Ungarn, Italia og Frankrike. Alkoholinnhaldet er normalt 40 prosent, men heimelaga rakia kan vera sterkare, opptil 50–60 prosent. Prepečenica er dobbel-destillert, slavisk framstilt rakia, med eit alkoholinnhald som av og til overstig 60 prosent.
Rakia er rekna som nasjonaldrikk i dei slaviske og sørslaviske landa som Serbia, Montenegro, Slovenia, Slovakia, Bosnia og Hercegovina, Bulgaria, Makedonia og Kroatia. I Serbia og blant serbarar i Bosnia-Hercegovina og Kroatia er det vanleg at ein vinterstid drikk varm og søta rakija, denne drikken blir kalla vert kalla kuvana rakija ('tillaga rakija').[1]
I Albania og Kosovo lager ein raki rrushi (rakia/raki) av druer eller av krike (av og til av morbær). Plommer og druer til drikken blir av og til blanda med andre ingrediensar, som urter, honning, sure kirsebær og valnøtter etter ein destillasjon.