Svastika er eit religiøst og politisk symbol det kan knyte seg mange kjensler til. Det er forma som eit plussteikn der kvar ende har ein strek som står i rett vinkel på han og går i same retning.
Hakekrossen er ein svastika der haka på enden alltid går til høgre, mens ein svastika kan ha haka til høgre eller venstre. Svastikaer kan òg vera meir avrunda, til og med som to S-ar som står rettvinkla på kvarandre. Det er òg vanleg å ha små prikkar inni kvart hjørne.
I Europa og USA forbind ein som regel hakekrossen med nazismen og særleg antisemittismen, fordi nazistane tok dette til sitt merke for å symbolisera at dei skulle bera «den ariske arva» vidare. I India og store delar av Asia er ulike variantar av svastikaen brukt som eit teikn for alt det gode: Gud, lykke, evig liv, eller sola. Symbolet har òg vore brukt i tidlegare samfunn i Egypt, Hellas og Mexico.