Cork

Cork
Corcaigh
by
Patrick's Bridge i Cork.
Våpenskjold
Motto: Statio Bene Fida Carinis – «Ei trygg hamn for skip»
Land  Irland
Provins Munster
Areal 37,3 km²
Folketal 222 333 (2022)[1]
Grunnlagd 500-talet
 •  Byrettar 1185
Kart
Cork
51°54′00″N 8°28′23″W / 51.9°N 8.4730555555556°W / 51.9; -8.4730555555556
Wikimedia Commons: Cork (city)

Cork (irsk Corcaigh) er den nest største byen i Republikken Irland og den tredje største på Irland etter Dublin og Belfast. Han er det administrative senteret i County Cork og den største byen i provinsen Munster.

Byen har om lag 120 000 innbyggjarar og med forstadane om lag 190 000.[2] Storbyområdet til Cork har om lag 274 000 innbyggjarar, medan Greater Cork-området har om lag 380 000.[3]

Namnet på byen kjem av det irske ordet corcach som tyder «myrlendt stad» og refererer til plasseringa ved elva Lee. Cork har hatt rykte på seg for å vere ein by av opprørarar heilt tilbake til då dei støtta tronpretendenten Perkin Warbeck i 1491 etter Rosekrigane. County Cork har derfor kallenamnet «the Rebel County» («Opprørsgrevskapet») og corkoniarane refererer stundom til Cork som den «verkelege hovudstaden i Irland».

Elva Lee renn gjennom byen og dei sentrale delane av byen er bygd på ei øy i elva like før ho renn ut i Lough Mahon og så ut i Cork Harbour, ei av dei største naturlege hamnene i verda. Byen er ein stor irsk hamneby med kaianlegg langs Lee og på austsida av byen.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cso.ie/en/releasesandpublications/ep/p-cpr/censusofpopulation2022-preliminaryresults/geographicchanges/.
  2. Census 2006, Government of Ireland
  3. Folketal i Cork (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 26. september 2007, henta 25. oktober 2007 

Cork

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne