Eit estuar er eit delvis lukka vassområde ved kysten med fri opning til sjøen der ei eller fleire elvar munnar ut.[1] Estuar har ofte høg biologisk produktivitet.
Eit estuar er ofte tidvassmunningen til ei elv (aestus er latin for tidvatn) og er ofte utsett for avleiringar frå både elva og frå utaskjers. Dei består som regel av brakkvatn. Når havnivået stig i forhold til landområda kan ein stundom få danna rias eller fjordar der vatnet flaumer inn i dalar. Desse kan verte estuar om ei elv renn ut i dei. Store estuar, som Chesapeake Bay og Gironde-estuaret, har ofte fleire elvar som munnar ut i seg og dannar stundom kompliserte former. Estuar vert ofte gjeve namn som bukt, sund, fjord osv., men langt frå alle desse er estuar. I området der enorme vassmengder munnar ut i sjøen (som til dømes der Amazonaselva renn ut i Atlanterhavet) vert estuaret rekna for å strekke seg langt utfor kysten.