Malaria (frå italiensk mala aria som tyder «dårleg luft») er ein alvorleg tropisk og subtropisk febersjukdom. Det er parasittar i slekta Plasmodium som er årsak til malaria. På verdsbasis valdar malaria sjukdom hos 300-500 millionar menneske kvart år. Av desse er det rekna at 1,5-2,7 millionar døyr. I Noreg vert det rapportert om 50-100 tilfelle av importert malaria årleg, i 1999 var det 74 tilfelle. Dødsfall på grunn av malaria er sjeldan i Noreg.[1]