Ungarsk magyar | ||
Klassifisering | Uralsk finsk-ugriske språk ugrisk | |
Talarar | ungarar, ungararar | |
Bruk | ||
Tala i | Ungarn, Austerrike, Kroatia, Romania, Slovenia, Serbia, Slovakia, Ukraina | |
Område | Ungarn, Slovenia, Vojvodina, Transylvania | |
Ungarsktalande i alt | 14,5 millionar | |
Rangering | 66. | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Ungarn, delar av Slovenia, Serbia, Austerrike og Romania; EU, | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | hu | |
ISO 639-2 | hun | |
ISO 639-3 | hun |
Ungarsk er eit uralsk språk. I lag med mansisk og khantisk dannar det i følgje den dominerande klassifiseringa den ugriske språkgruppa. Ungarsk er ein fjern slektning av samisk og finsk, men det felles ordforrådet er svært lite.
Ungarsk blir snakka av 14-15 millionar menneske. I tillegg til dei 10 millionane som bur i Ungarn blir ungarsk snakka i alle nabostatane: I Romania, Slovakia, Ukraina, Serbia, Kroatia, Austerrike og Slovenia. På ungarsk heiter språket magyar.