Galaktose er eit monosakkarid og ein aldoheksose. Det finst ikkje i fri tilstand i naturen, men er med i mange viktige naturstoff som mjølkesukker, raffinose, ymse polysakkarid og mange glykosid.
Galaktose har vert noko nytta i medisin og organisk syntese. Det har eit smeltepunkt på 165–168 °C.
Arvelege lyte i to av enzyma i galaktosemetabolismen er relativt vangleg og fører til galaktosemi.